Vaksne

Bibelgruppe / husfellesskap

Har du lyst å vere med i bibelgruppe / husfellesskap? Det er fleire grupper i forsamlinga. Ta kontakt med pastor eller menighetsarbeidar, så finn vi ei gruppe som passer.

Hyrderådet

Hyrderådet har det overordna ansvaret for det åndelege aspektet og den teologiske profilen i forsamlinga. Hyrderådets oppgåve er å vise andeleg omsorg for forsamlinga sine medlemmer, drøfte etiske og teologiske spørsmål, utøve sjelesorg, be for sjuke, oppfordre til bruk av nådegåver og sjå til at forkynninga er i samsvar med FIM’sgrunnlag, formål og visjon. Hyrderådet består av Kåre Geitanger, Odd Sverre Hove og pastor Nils Arne Lavik, og leiar Arnfinn Norheim (arnfinn.norheim@gmail.com, mob 924 52 070).

Diakonigruppa

I FIM er vi så heldige å ha ei eiga gruppe som arbeider med diakonale oppgåver. Diakonigruppa har prioritert desse oppgåvene:

  • Gå med blomehelsingar til medlemmene når dei fyller runde år, frå 50 år og oppover
  • Besøkja personar som ønskjer å få besøk, enten dei bur heime eller om heimen er på institusjon. Dette gjeld særleg medlemmene i FIM, men det kan også vera andre vi kjenner til. Då samtaler vi, deler Guds ord, ber saman og fortel gjerne om arbeidet på bedehuset.

Diakonigruppa vil gjerne bli kontakta om det er behov for besøksteneste for nokon som vi ikkje kjenner til. Besøkstenesta gjeld for alle aldrar, og kan vera eit kortvarig behov eller eit meir langvarig behov.

For tida er det 4 kvinner som deler på dette arbeidet. Det er Ruth Breivik, Hildegunn Hove, Ingunn Myrlid og Målfrid Lavik.

Ein kan ta kontakt med den ein ønskjer i gruppa.

Kontaktperson:
Hildegunn Hove
mobil 951 43 958
hihove@online.no

Skala Brassband

For glade blåsarar. Øver kvar torsdag kl. 19.30.

Kontaktperson
Tom Arild Valdersnes
tom@helldal.no

Musikklaget

Indremisjons Musikklaget øver på bedehuset ca. 3.kvar tirsdag frå kl. 19.30. Musikken består av trekkspel, gitar og bass-gitar, og songane er evangeliske songar tilpassa musikklagstilen. Vi er ca. 25 medlemmer, og vi tek alltid imot nye medlemmer med takk!

Kontaktperson: Lars Arne Markhus larsarne1946@gmail.com

Julemessekomiteen

Julemessekomiteen arbeider med praktisk gjennomføring av julemesse i november kvart år. Vi er 12 personer som er i lag ein gong på nyåret og ein gong på hausten. Julemessekomiteen produserer også varer til salg på messa.

Vi i komiteen set stor pris på alle som hjelper oss år etter år, både med salgsvarer og gevinster. Det er stadig behov for fleire som kan lage ting til salg.

I tillegg til at julemesseinntekta er eit viktig bidrag til vedlikehald av bedehuset, ønskjer vi at denne dagen skal være eit sosialt fellesskap. Vi ønsker også å presentere arbeidet i bedehuset.

Kontaktpersoner:

  • Marit Rønnestad: marit.j.ronnestad@gmail.com / 90569074
  • Benedikte Norheim: benediktenorheim@hotmail.com / 46697859
  • Seniors

    Seniors er eit samarbeidstiltak mellom Meland kyrkjelyd, Frekhaug Indremisjon, Norkyrkja i Nordhordland og Nordhordland folkehøgskule.

    Samvera er lagt til Nordhordland folkehøgskule, 1. torsdag i månaden, 8 - 9 gonger i året og samlar folk frå heile regionen. Frammøtet varierer noko, men ligg på 50-80. Det vert servert middag kvar gong, og folkehøgskulen leverer maten. Pynting av bord og lokale er viktig. Seniors er fest, og trivselsfaktoren høg!

    Programmet er gjerne eit foredrag eller kåseri før middagen, og det vert lagt opp til variasjon i tema. Eit kunstnarleg innslag høyrer gjerne med. Song og musikk er ein viktig del av programmet. Samvera blir avslutta med eit ord for dagen, eller ein andakt.

    Seniors er ikkje berre for “eldre” eller for pensjonistar.  Folk i alle aldersgrupper er velkomne!

    Kontaktperson: Victor Bakke (victor@bakke.li)