Gudsteneste

Gudstenesta er bærebjelken i Frekhaug Indremisjon, og har eit tydeleg familieperspektiv. Målet og ynsket vårt er at både born og vaksne i alle aldrar skal oppleva det meiningsfullt og byggjande for trua å vera med. Forkynninga av Guds ord er hovudsaka i fellesskapet, som elles skal vera rikt på åndelege og sosiale relasjonar. Parallelt med forkynningsdelen for vaksne er det søndagsskule i kjellaretasjen. Etter gudstenesta serverast det bedehuskaffi, og ein kan slå av ein prat med kjente og enno-ikkje- kjente. Vi samlast til gudsteneste annakvar søndag. For nærmare info, sjå kalenderen, eller vår facebookside