Familie

Familiekaféen er eit middagsarrangement for familiar som vert arrangert tre-fire torsdagar i semesteret på Frekhaug Bedehus. Rundt 30 familiar samlast kvar gong. Vi har ein gjeng på kjøkkenet som serverer taco frå kl. 16.00, og etterpå er det leik for barna og kaffi og prat for dei vaksne.
Dette er ein god sosial møteplass og eit fint høve til å verte kjend med nye! Alle er varmt velkomne! Kr 170,- per familie (evt kr 50,- per person). Ein kan betale med Vipps eller kontant.
Kontaktperson: Rita Sæle Langeland (rita.s.langeland@gmail.com). Sjå vår facebookside for løpande info.