Barn og ungdom

Awana

Når det er gudsteneste på Bedehuset, er det søndagsskule for barna. Det første kvarteret er alle med på Gudstenesta, før barna går ned i bedehuskjellaren til søndagsskule. Barna er delt i grupper etter alder. Søndagsskulen er innmeld i Søndagsskuleforbundet, og vi brukar opplegget «Sprell Levande». Søndagsskulen har kjekke samlingar der du kan verte betre kjend med Gud, med Jesus og med andre barn og vaksne. Samlingane har morosame aktivitetar som leik, song og bibelforteljingar. Og så er det sjølvsagt lov å stille spørsmål! Søndagsskulen er ein stad der du kan vere deg sjølv. Du er bra nok akkurat som du er! Du treng ikkje prestere noko eller vere på ein bestemt måte. På søndagsskolen er det plass til alle!

Kontaktperson: Thomas Mosland Gillesdal: thomas.mosland@gmail.com, Tlf: 91109182

SLUSH

SLUSH står for Sprell Levande Unge Søndagsskule Hjelparar. Barn som går i 5.klasse og oppover, kan vere med som hjelpeleiarar i søndagsskulen. Dei får oppgåver knytta til sjølve gjennomføringa av søndagskulesamlingane og gudstenesta. I tillegg får dei alderstilpassa undervisning og leiartrening på samlingar annakvar veke.

Kontaktperson: Nils Arne Lavik, tlf: 922 93 382, mail nilsarnelavik@gmail.com

Yngres

Yngres er eit samlingspunkt for «tweensa», det vil seie gutar og jentar frå 5.-7. klasse, på Frekhaug Bedehus annakvar fredag (oddetalsveker) kl. 18.30-21.00. Vi har ulike aktivitetar, kiosk og andakt. Yngres er et samarbeid mellom FIM og Meland kyrkjelyd.

Kontaktperson: Elisabet Herredsvela: elisbirkher@gmail.com

Levande Lys

Levande Lys er eit skikkeleg levande barnekor tilknytta Frekhaug Indremisjon. Vårt fokus er å spreie ekte songglede og verte betre kjend med Jesus. Derfor brukar vi mykje bevegelsar, syng songar som handlar om Gud og Jesus, samstundes som vi lærer å bruke stemma vår!

På øvingane syng vi, har andakt og kosar oss med frukt. Av og til syng vi på gudstenester eller konsertar. Koret er for barn i alderen 4-10 år. Vi øver på Frekhaug Bedehus onsdag i partallsveker fra kl. 17.30-18.30.

Det kostar 50 kr i semesteret å vere med. Dirigentar er Kamilla Strømsbo Dale og Jannicke Wisløff Åsebø. Kamilla er også kontaktperson: kamillasdale@gmail.com.

Ta med songstemme, godt humør og bli med i koret vårt!

Sjå gjerne vår facebookside for løpande info

Fresh

Fresh er eit samarbeid med Norkirken Nordhordland og er frå 8. klasse og oppover.

Annakvar fredag (partalsveker) kl 19.30 - 22.30.

Kontaktperson: Beate Lavik (beate@lavik.com)

Leiketun Barnehage

Leiketun Barnehage starta i gamle Sagstad bedehus i 1978. I 2005 utvida vi med ny barnehage ved sida av bedehuset på Frekhaug, og denne vart vidare utvida i 2021 slik at avdelinga på Sagstad også kunne flytte inn her. Dermed vart heile barnehagen samlokalisert i eit moderne og formålstjenlig bygg. Barnehagen har ein kristen formålsparagraf og er ein del av Frekhaug Indremisjon si satsing på trusopplæring. Vil du vite meir om Leiketun, sjå barnehagen si eiga nettside.